15. mars 2018

Ingebjørg Bratland og Kamelen

Motpolar. Kontrastar. Kva er livet utan motsetnadar?

Ingebjørg Bratland er berar og fornyar av den verdifulle folkemusikken. Kamelen er rap-myten landet elskar, fryktar og bad guy’n folket har forelska seg i. Begge med djup overtyding. Begge med intense kjensler for eige nabolag. Begge med ekta kjærleik til eigen sjanger. Ja, og så har dei begge hatt fruktbare samarbeid med ein annan av årets Festidalen-artistar, sjølvaste Lars Vaular.

Kamelen er bergensrapparen som snur konsertlokaler på hovudet kor enn han reiser. Berre den siste tida har han solgt ut Rockefeller, Sentrum Scene og Verftet. Bomba smalt for nokre år sidan med ”Si Ingenting”, ein låt som alt er å rekna som ein norsk rap-klassikar. Og Kamelen har i ettertid fortsatt å servera eksplosive hits og konsertar for feite hiphop-festar. At han og Lars Vaular leverte walk-in-låten til Cecilia Brækhus på Koengen seier sitt. Historiefortellinga er den mest truverdige frå dette miljøet i vårt land. Tøft liv, sosiale avvik, håp, motstridande tiltrekkingar- alt levert med beats og stil ein konge verdig!

Ingebjørg Bratland er artisten som, med si fengslande stemme, har klart å løfta tradisjonell og nymotens folkemusikk opp og fram i det norske popbiletet. Sist turnè resulterte i imponerande 80 utsolgte konsertar. Dette, saman med 25 millionar streams teiknar ei klar skisse av ein særs suksessfull artist. Ingebjørg opnar laurdagsprogrammet med si lune stemme og fengande musikk. Ho har bergtatt både Kongen og sitt publikum landet over. Hjå oss kjem ho for å begeistra deg.

Kan det bli betre? Det trur ikkje eg.

#ROCK #FJELL # KJÆRLEIK