7. april 2023

20 år med ørkentørke – no er Tucos Lounge attende

Ein tørr vind sleikar bakkane på Dønhaug. Gras vert til sand. Kaktusar reiser seg. Gribbar sirklar over Englafjell. Naturen førebur seg på krutrøyk, olme blikk og Gud veit kva. Eller mest truleg ikkje. Galopperande inn på scena kjem Bjørn Sturle Hillestad. Rett bak han står hans trufaste svirebror og våpendragar, Kjetil Andre Tofte. I høve Festidalen sitt 20-års jubileum, har me blåst liv i Tuco’s Lounge igjen. Dei herja scena på historiens første Festidalen i 2003, og kjem for å setta fyr på jubileet! Sidan sist har dei knaska kraftfôr, røyka opp ein tobakksplantasje og tømt det som er av tequiladestilleri. Væpna til tenna med ørkenrock så rå at sjølv sushien kjenner seg kokt. Dei skyt frå hofta og stiller ingen spørsmål. Det er du som vert svar skuldig. Kva i all verda var eg med på no? Lukke til, du treng det!

– Det er ei sann glede, nesten uverkeleg, at me har fått Tuco’s på beina att. For å by oss opp til dans ein siste gong. Ved sida av frivilligheita er det ingenting som er meir festidalensk enn Tuco’s Lounge. Denne gjengen har plyndra og rana det som er i både innland og utland, og no er dei her for å duellera med den som måtte våga. Dette er tøff tarantinosk rock som har hausta 5’arar i VG, Dagbladet, BA og BT, og me kan nesten ikkje vente til å sjå dei på Dønhaug att!