22. desember 2023

Arif til Festidalen

Han har seld ut Spektrum. Mekka hits med Karpe og Stig Brenner. Flekka tenner til polariserande krefter, og smelta hjarter på TV. For ein månad sidan vann han den gjeve P3-prisen. Duden surfar høgt på notidas bølger, og planar rett inn i sommarens soundtrack.

Bangers og balladar. Beats og boblande blod. Arif har dei siste ti åra definert den norske R & B, og rapscena. Det lir mot ein sukkersøt sommar, folkens!

– Ikkje alle veks opp med rekkverk og redningsvest. Arif har verkeleg måtta tråkka brattare bakkar enn dei fleste av oss. Det har resultert i ei djup og sterk innsikt. Somme stunder ser ein kanskje klårare gjennom tårer enn briller. Og musikken står fram som dønn ærleg og treffande.