8. april 2023

BigBang fyller fjella med rock!

Endeleg skal «To The Mountains» fylla sommarlufta mellom Uskedalsfjella. Saman med klassikarane «Wild Bird» og «Girl In Oslo», og ja, ein heil bønsj andre feelgood rockelåtar. BigBang går bananas i Uskedalen sjølvaste St. Hans-aftan. Og dei har traileren full av låtsnop. Dei folkekjære heltane er kronisk revitaliserte, ekstremt stabile og prinsar av tenning og teft. Barnleg speleglede og eksplosive liveshows. Californiavibbar og høge spark. Folkrock for træl og monark. Kva er vel betre enn å stå silkebrisen i ein fønvind av smud folkrock? BigBang sjarmerar skummet attende i pilsa di. Og lokkar deg ut i hes allsong. Trioen rockar St. Hans-aftan inn i dei djupe nattetimar.