Tradisjon tru invitere vi til hesjedugand.

Møt opp mandag 19. juni klokka 18:00 på Dønhaug.

Hesjedugnaden er ein flott og veldig kjekk tradisjon i forkant av Festidalen. Då møtest born og vaksne til særs hyggeleg fellesskap og tar del i pyntinga av det flotte og særprega festivalområdet.
Ta med rive. Hugs å parkere nedi bygda, ein kan ikkje parkere på Dønhaug.
På hesjedugaden blir det i år som tidlegare år, servert lappar og saft.
Møt opp på Dønhaug på mandag kl. 18 og bli med!
Fint om nokon har mulighet til å møte på Heio fyrst kl.17 for å få høyet på traktor-hengaren.