25. desember 2023

Embla and the Karidotters til Festidalen

Embla and the Karidotters piskar fram den søtaste kåntrikremen i landet. Og dynkar den i ein deileg saus av kåbbåihattar, kåbbåiboots og linedans. Sjarm er deira superkraft, og hjarter smeltar i kvar ei bygd dei galopperar gjennom. Hopp på hesten, hopp av på Dønhaug, og hopp i høyet med Embla og gledespreiarane hennar!

— Embla er vår kommande Dolly Parton! Makan. Dette er godstemning på boks. Det er deileg, gøyalt og pokker så fengande!