6. april 2023

Fullt trøkk med KAMARA på scena

Energibomba frå Bergen kjem til Festidalen for å pumpa liv i næringstrengande vestlandskroppar. KAMARA er eit kraftsenter det berre tyt karisma og godstemning utav. Ho pustar inn rytmikk og attitude, og syng ut reinspikka moderne pop. Og det på eit fordømt sjarmerande vis. I fjor blåste ho publikummet på Øya og Bergenfest av bana. I år er det vår tur.

– Ho er stemma av generasjon som må sjonglera styrke, leik, alvor og problemstillingar foreldregenerasjonen ikkje er skikka til å ta inn over seg. På armen til mor flykta ho frå krig i Sierra Leone, til ukjend mark og uviss framtid. No er det ikkje lenger noko uvisst med framtida. Den finns i alle våre øyrer og hjarter.
– Talentet til KAMARA er enormt! Noko både Lars Vaular og Bernhoft har hausta frukter av, gjennom suksessfulle låtar saman med ho.