19. mai 2022

Gira på å bidra under årets høgdepunkt?

Det vert ikkje festival utan frivillige, og no håpar vi på at akkurat DU melder deg! Stemninga blant frivilliggjengen er alltid upåklageleg, og det finst faktisk berre trivselsvakter å få – her kan ein bidra med alt i frå hesjing til å servera mat og drikka. Ta med deg heile vennegjengen om så – så kan de vera frivillige eine dagen og vera gratis på festival andre dagen. VINN VINN! Og ikkje nok med det! Ønskjer du å møta nye kjekke folk så er dette ein heilt genial måte å utvida nettverket sitt på – på tvers av kommunen og litt til!

HER registrerer du deg.