23. februar 2023

Heil ved frå Hallingdal

Legendane frå Ål kjem galopperande til gards, sparkar inn døra og snurpar god-låt-lassoen rundt kvar og ein av oss. Det er muskuløs bygderock. Det er snerrande folkrock. Og det er knakande god kåntri. Det er stødig, solid og swingande som svansar i slåtten.

Hellbillies meistrar ekstremt godt å ligga midt i hjarta av det musikalske landskapet. Mellom Springsteen, Creedence og Rogers. Mellom sumpblues og sørstatsrock. Med grom lyd. Saftige tekstar -Drypande av kvardagsfilosofi, treffande som Amor sine piler for både by- og bygdasjeler.

Hellbillies er hogd inn i nasjonalidentiteten. Saman med Aurora teiknar dette til å bli ei framifrå festivalhelg i juni!