Kurt Nilsen
20. februar 2024

Kurt Nilsen opnar laurdagen

Kurt Nilsen opnar laurdagen på Festidalen

Kurt valsa inn i TV-ruta for vel 20 år sidan, og har sidan opna dørar og vindauge i kvar ein heim. Ja, han har til og  med sklidd ned eit par skorsteinar for å spreia julestemning.

Kurt har fylt radioar, tv’ar, hjarter og svære konsertarenaar. Mannen har i to tiår kokt saman eit festbord av hitar. No kjem han for å slenga nokre ferske låtbiffar på grillen vår. Dette vert mest truleg den einaste festivalen på vestlandet for Kurt i år!