\"11258186_791480770950819_2003506282949636153_n\"Lambasleppet er Festidalen si regionale ungdomssatsing. No er det opna for påmelding til årets festival. Dei artistane me søker er spelekåte og ambisiøse, dei vil visa verda kven dei er. Og dei vil gjera det no!
For å spela på Lambasleppet har me nokre kriterier; Ein må ha tilknytning til Hardanger eller Sunnhordland, vera mellom 16 og 25 år, ein må laga sin eigen musikk og gjerne ha litt ambisjonar. Speler ein på Lambasleppet får ein samstundes vist seg fram til nøkkelpersonar i musikkbransjen på vestlandet.
Lambasleppet, som var ei nysatsing for Festidalen i 2015, vil i år gå gjennom nokre endringar. Me køyrer i gong konserten torsdag, 3.august, på den supre utescena i båthavna i Uskedalen. Artistane som står på scena er så vanvittig gode at dei fortener litt meir tid, litt meir rom, litt meir fokus. Dei to førre åra har Lambasleppet blitt arrangert lørdag føremiddag.

Visjonen
Vår ambisjon er å vera eit potensielt springbrett for det unge, lokale musikkmiljøet. Å legga til rette for eit yrande og kreativt miljø i heile regionen, hjelpa unge artistar eitt skritt nærare draumen og å skapa nettverk blant dei dyktige artistane som veks opp her – det er vår draum. Dette brenn me for!

Samstundes vil me legga til rette for relevant kompetansheving, mellom anna med  artistprat i samarbeid med musikkorganisasjonen Brak, og artistane vil få tilbakemeldingar og råd frå eit panel med bransjefolk. Å driva med musikk handlar også om dei praktiske oppgåvene som artist, og desse set me fokus på i løpet av festivalhelga.

Som ein del av springbrettet, har me nokre tildelingar på lur til artistane våre. Eit festidalenstipend på 50.000kr, 3 dagar i ABC Studio i Etne og ein spelejobb vert tildelt dei som vert vurdert til å kunna dra mest nytte av det, og ikkje minst som imponerer årets ekspertpanel med sin musikk og sceneopptreden.

Me gler oss hemningslaust til å presentera årets blodferske, up and comming band og artistar. Dei skal vera med å visa kva regionen vår, Sunnhordland og Hardanger, har å vera stolte over.

********
Dei som ønsker å delta må først senda ein kort søknad, der ein presenterer seg sjølv og musikken ein speler, fortel om sin musikalske bakgrunn og eventuelle ambisjonar vidare. Me vil gjerne høyra, så ei lenke til Sound Cloud eller liknade er også ønskeleg. Dette, og eventuelle spørsmål, kan ein senda til

lambasleppet@festidalen.no
Frist for påmelding er 15.april.
Kort tid etter vert det annonsert kven som blir årets artistar på Lambasleppet.