Nico & Vinz
25. desember 2023

Partypop frå Nico & Vinz

Nico & Vinz bukka fint, rakk ut handa og baud heile verda opp til dans med megahiten «Am I Wrong». Den surfa inn som Topp 10 i over 20 land. Av norske artistar har kun A-ha nådd høgare på den amerikanske hitlista. Med langt over ein milliard strømmingar byr gutane framleis opp til frekke muvs og vill flørting på dansegolvet. Her blir det heftige hofteshakes og herleg halloi!

Nico & Vinz har herja amerikanske TV-skjermar gjennom både David Letterman, Ellen Degeneres og Jimmy Fallon. Og tidlegare president Barak Obama henta dei inn til å spela for 20.000 pers utanfor Det Kvite Hus, som einaste ikkje amerikanske artist. Dei har base i L.A. og feite samarbeid både der og her til lands. Dei er stinn av rutine og pakka med energi.