16. mars 2022

SKAMBANKT!

Skambankt rockar opp laurdagen!

Ei fullskala jærsk monsterbølga reiser seg i sør og slår inn over Dønhaug. Endeleg skal festidalarane surfa på starm og stilig rock igjen. På høg tid! Skambankt svingar hammaren og slår gnistrar på kvar ei scene dei entrar. Me veit at dei alltid leverer, alltid løftar stemninga. Og me veit kor godt det gjer å stupa inn i musikken deira.

Skambankt har eit lass med album bak seg. Og gjennomført eit vanvittig antal konsertar. Frå små intime, til gigantiske utandørsshow. Det er ikkje mange som kan visa til slik rutine. Våre jærske vener kjem for å rissa Festidalen sine leveord «rock-fjell-kjærleik» i  løeveggen. Og for høvet, no står rockebakarane her med ei rykande fersk plata. I dag! Nyt!

Saman med blant anna Gabrielle og Kjartan Lauritzen skal Skambankt skru opp laurdagstemninga til elleve.