Slomosa
10. april 2023

Slomosa set St. Hans aftan i flammar!

Hald på hatten, ein virvelvind er på veg! Bergensarane har raskt etablert seg som dei nye regentane av rock. Dei står breibeint som pokker ein stad mellom Black Sabbath, Queens of the Stone Age og Kyuss. Låtane er tjåka fulle av groove og catchy hooks. Og blir servert med eleganse og good looks. Slomosa slår gnistrar på scena, og ein indre flamme veks i deg. Festidalen tilrår at du har noko kaldt og leskande i handa for å unngå overoppheting.

– Ikkje rart Bergens Tidene trilla ein 6’ar på debutalbummet. Her får du sjeldent godt utvikla kjemi. Det er inspirert og treffsikkert. Fengande og fengslande. Denne gjengen et seg inn i norsk musikkhistore. Eit krokodillejafs om gongen. No har dei lagt Europa for sine føtter, og vender heim til oss med gull og dynamitt i gitarkassane.